I samarbeid med Tromsø Kammerorkester inviterer Hålogaland Teater til en reise gjennom Sverre Kjelsbergs musikalske karriere.

Av: Ragnar Olsen, Iren Reppen, Sverre Kjelsberg, musikalsk leder Bernt Simen Lund og ensemblet.

Sverre Kjelsberg har hatt en lang og fascinerende karriere; fra turbulent rocketilværelse i Pussycats, til visesang og teatermusikk, og en avstikker til Melodi Grand Prix. I denne teaterkonserten skal vi innom alle disse epokene i Sverres musikerliv, og la oss undre over dette kreative landskapet han har vært med på å skape. Sverre Kjelsberg har sammen med resten av Pussycats stått på scenen og varmet opp for ingen ringere enn The Rolling Stones.
 
Også som visesanger, teatermusiker og TIL-komponist har Kjelsberg satt sitt preg på musikkmiljøet i nord. En hyllest til Sverre er en reise gjennom alle disse kapitlene i musikerens karriere. Tromsø Kammerorkester og Hålogaland Teater stiller med et sterkt lag og mange overraskelser, og lover en musikalsk reise utenom det vanlige.
 
Silje Olderdal spiller de tre siste forestillingene i stedet for Maria Haukaas Storeng.

Varighet
0 minutter
Spilleplan
Dato/Tid Scene
Produksjon
Av Ragnar Olsen, Iren Reppen, Sverre Kjelsberg
Musikalsk leder Bernt Simen Lund

Bakgrunnsstoff

Smakebiter fra media

Hyller Sverre Kjelsberg
Dette tar jeg med knusende ro, sier hovedpersonen selv til Bladet Tromsø
 
Maria Haukaas Storeng til HT
Storeng skal være med på musikalsk hylles til Sverre Kjelsberg.
Les artikkel i Nordlys.
 
Maria til Hålogaland Teater
Er en av solistene som skal hylle Sverre Kjelsberg.
Les mer på NRKs nettside.
 
Kulturnytt 14. september 2009
NRK Kulturnytt var tilstede på pressevisning mandag 14. september.
Innslaget kan sees 8 minutter ut i sendingen.
 

________________________________________________________

Eit møte med Teddy

Det er mai på Hålogaland Teater og på det store møterommet blir det lagt planar for 20 Teddy uten filter. Førestellinga om Sverre Kjelsberg sin musikalske karriere tar form. Songane er plukka ut, arrangementa er på plass, regissøren legg fram planane sine. Sverre sjølv tar opp to fulle fotoalbum frå ein bærepose. Alle drar kaffikoppane sine forsiktig til side i det bordet blir fylt av kulturminne. Sverre blar opp albumside etter albumside, fylt av svartkvit nordnorsk rockehistorie.
På enden av bordet sitt to representantar for ein annan generasjon. Fødd tjue år for seint til å oppleve Pussycats i aksjon. - Ja for de som er så unge kan eg jo fortelje at eg var med i eit band som heitte Pussycats og vi skulle bli rockestjerner, seier Sverre Kjelsberg og ser på oss, - og då gjekk det ikkje an å heite Sverre, Ottar, Trond, Friedel og Ingemar.

Eventyr
Historia om Sverre, Ottar, Trond, Friedel og Ingemar som vart til Teddy, Jimmy, Eddy, Freddy og Reddy - og store rockestjerner, er eit aldri så lite eventyr. Og når ein først sitt der med sjølvaste Teddy Pussy må ein berre spørje om det var sånn som det står i bøkene, at det vart opptøyer og ville tilstander når Pussycats kom til byen. 
- Jodå, det var vilt, det var det, seier Sverre Kjelsberg, roleg og avbalansert 40 år etter.
Det var kanskje ikkje opplagt at eit ungt Tromsø-band skulle reise til Sverige og bli rockestjerner. Men for dei var det planen heile tida.
- Det hørest kanskje merkeleg og innbilsk ut, men det var som forventa. Vi var 17 år, hadde instrument, hadde bil, hadde øvd, hadde stor sjølvtillit, men mangla pengar, fortel han.

Høgdepunkt: Juleribba
Bandet, som då heitte The Arctics, reiste til Stockholm i staden for til Oslo, og det var ein riktig ting å gjere.
- Sverige låg langt framom Norge når det gjaldt den sangbaserte popkulturen som kom frå England. Manager Sten Ekroth fekk oss til å skrive eigne låtar og det var alfa og omega for oss. Men i ettertid har eg vel forstått at det slett ikkje var sjølvsagt at vi skulle bli rockestjerner, seier Sverre Kjelsberg.
Når eg ber han om å trekke fram eitt høgdepunkt frå denne tida, har han mange å velje i.
- Men eg må seie at det var godt å komme heim til Tromsø og juleribbe jula 1964. Då hadde vi gått rundt i Stockholm og svelta sia juli. Vi bodde i telt fram til snøen kom og etter det fekk vi bo på ein rockeklubb, mimrar Sverre, som også har gode minne frå året etter, då bandet fekk gjennombrotet sitt.
- I juni 1965 kom vi til Oslo med feite bilar og ein toetasjes buss som var importert frå London. Vi hadde topp utstyr, skulle varme opp for Stones og spele på fjernsyn, som familiane våre ikkje kunne sjå, sia fjernsynet ikkje hadde komme til Nord-Noreg enno. Det var også ei stor oppleving, fortel Sverre Kjelsberg.

- Teatret har betydd alt
Når karrieren hans blir oppsummert på Hålogaland Teater handlar det ikkje berre om Pussycats. Teatermusikaren Sverre Kjelsberg har også fått stor plass. For i likheit med andre eventyr varte ikkje eventyret om Pussycats evig. I 1969 var det slutt, men i 1970 fekk Sverre plass ved Nordnorsk musikkonservatorium, og vart sia tilsett som teatermusikar på Hålogaland Teater.
- Møtet med Hålogaland Teater og den gong Fria Pro-teatret i Stockholm har betydd alt for meg. Både politisk og som musikar og komponist, seier Sverre Kjelsberg.
Ein treng ikkje å vere oppvaksen med Hålogaland Teater for å ha fått Ellinors vise inn i repertoaret relativt tidleg i livet. Eller for å ha fått med seg Grand Prix-suksessen med Sami Ædnan i 1980. Men vegen frå rockestjerne til Grand Prix-deltaking virkar ganske lang.

Satsar på show
- I 1980 var eg ute av rockemiljøet og var meir ein del av visebølgjen med nordnorske tekstar. Så overgangen var ikkje så stor, seier Sverre Kjelsberg.
Det nærmar seg sommarferie. Dei første prøvane på 20 Teddy uten filter er gjennomført. Til hausten er det premiere. Det vil sikkert gi nye avisutklipp og bilete til eit allereie velfylt album.
- Om vi får dette til blir det eit jækla show, med trøkk og moro, avsluttar Sverre Kjelsberg. Det virkar som at han gler seg.
 

Tekst:  Inger Johanne Sæterbakk
 
 
Les omtale om The Pussycats i Norsk pop- og rockeleksikon

Tilbakeblikk

Her finner du lenker til videoer av Pussycats og andre høydepunkter i Sverres karriere.

Pussycats - Together again/Ebb Tide
Pussycats - Just a little teardrop
Pussycats - Last time/Gonna send you back to Georgia
Pussycats - So sorry
Sverre Kjelsberg og Mattis Hætta - Samiid Ædnan

Anmeldelser

Stor hyllest til stor mann
Nordlys gir forestillingen terningkast 5.
 
En fortjent hyllest
Bladet Tromsø fremhever forestillingens strålende tolkninger av Sverres musikk.

Bildegalleri