Operabarnetimen – Fanfaronenes superfamilieshow

Neste forestilling
Kommer

«Operabarnetimen» er ei familieframsyning for born og vaksne fra ca. 3 år og oppover.

 

Gjennom song, spel, tull og tøys tek dei tre fanfaronene deg med til eit operahus der du får møte ein
misnøgd operasongar fra polen, ei bortskjemd og blærete sopran- prinsesse, eit par bøllete hekser
og ein pianist som slett ikkje er det ho gjev seg ut for å vere...


Operabarnetimen har som mål å frelse det yngste publikummet til klassisk musikk generelt og
opera spesielt. Vi ynskjer både store og små hjarteleg velkomne til ei energisk, morsom og
inspirerande framsyning med variert operarepertoar og nye, norske tekstar. Showet er sjølvsagt
ikkje komplett utan lausbarter, trylletriks og guttelus!

 

Ensemble Fanfaronner :

Camilla Revholdt (sopran), Ingvild Storhaug (alt) og Marita Vårdal Igelkjøn (piano). Fanfaronner
er fransk for «med nasen i sky», og ein fanfarone er ein skrytepave. Dei tre fanfaronene starta
ensemblet i 2005, og framfører klassisk musikk, opera, kabaret og samtidsmusikk. Trioen har stor
konsertverksemd i heile Noreg med framsyningar for både born og vaksne.