Grense Jakobselv
Den siste romanen til Kjartan Fløgstad, Grense Jakobselv, var ei av fjorårets mest omdiskuterte bokutgjevingar. Torsdag 11. mars blir romanen igjen diskutert, denne gongen på Hålogaland Teater. Kjartan Fløgstad vil sjølv innleie om Grense Jakobselv. Deretter blir historietolkinga i romanen kommentert av filosof Jørgen Fossland, som har arbeidd med forholdet mellom danning og krig i tysk idéhistorie, og historikar Stian Bones, som har arbeidd med tryggings- og Nord-Noreg-politikk i etterkrigstida. Møteleiar er Sigrun Høgetveit Berg.
Arrangementet er i samarbeid med Den norske historiske forening, Tromsø og Tromsø mållag.
Torsdag 11. mars kl 21.00 i Teaterkafeen, Hålogaland Teater
Gratis inngang