Nordnorsk mål på Nordnorsk scene

Neste forestilling
Kommer
Nordnorsk mål på nordnorsk scene - viktig identitetsmarkør eller trang tvangstrøye? Tromsø mållag og Hålogaland Teater inviterer til diskusjon om scenespråk på Scene Øst torsdag 23. April klokka 18.00.

Det er Hålogaland Teater si språkhistorie og dagens språkpolitikk som blir sett under lupen. Teatersjef Iren Reppen, skodespelar Guri Johnson og teaterhistorikar Jens Harald Eilertsen innleier og samtaler om språklege utfordringar, språkpolitiske vegval - og Hålogaland Teater sin identitet.

Kva har Hålogaland Teater sin språkpolitikk hatt å seie for den nordnorske språklege sjølvkjensla og det nordnorske publikummet si tilhørsle til teatret i nord? Og korleis opplever skodespelarar og regissørar språkpolitikken til Hålogaland Teater? Kan det bli for mykje fokus på det nordnorske språket, slik at det kjennast som ei tvangstrøye?

Ordstyrar er leiar i Tromsø mållag, Sigrun Høgetveit Berg. 
 
 
Torsdag 23. april
Kl 18.00
Hålogaland Teater, Scene Øst
Gratis inngang