Hærmennene på Helgeland

Spilleperiode
18. feb 2009 to 07. mar 2009
Neste forestilling
Kommer
Hærmennene på Helgeland er et intenst familiedrama skrevet av Henrik Ibsen da han var bare 30 år gammel. I denne spennende historien er drivkreftene erotikk, hevn og vold.

Hærmennene på Helgeland
Av Henrik Ibsen
 
Med: Lena Kristin Ellingsen, Issaka Sawadogo, Ketil Høegh, Marte Tangen, Jørn-Bjørn Fuller-Gee og Espen Østman
Regi: Marit Moum Aune
Scenografi og kostyme: Dagny Drage Kleiva
Lysdesign: Reidar Richardsen
Lyddesign: Dagfinn Karlsen
Maske og hår: Birgit Haugå
 
  
På en strand på Helgeland møter en far tilfeldig på sin datter ved gården til sin fosterdatter. Han har reist fra Island til Norge for å kreve penger for sine frarøvende døtre. Kampen for å opprettholde sin stolthet, og få hevn fører til at gamle konflikter igjen kommer til overflaten og fører med seg en familietragedie. Med stor smerte ser Ørnulf tilbake på sine feilgrep.
 
Hærmennene på Helgeland ble skrevet av Ibsen i ung alder, og som mye av hans tidlige dramatikk er dette stykket full av temprament. Historien handler om tradisjoner og uskrevne regler som preger vårt samfunn. Ingen husker helt hva de gamle reglene er tuftet på, bare at de er blitt til vår kultur. For at samfunnet skal kunne gå videre må vi gi rom for forandringer - selv om det kan være en smertefull prosess.
Ibsens verk tar utgangspunkt i sagatiden, men regissør Marit Moum Aune har i denne oppsetningen lagt handlingen til vår tid.
 
Ensemblet består av flere kraftfulle skuespillere som er både kjente og ukjente for Hålogaland Teaters publikum. Vi møter blant annet Ketil Høegh og Lena Kristin Ellingsen som spiller far og datter i suksesserien Himmelblå. I Hærmennene møtes de igjen som far og datter, men her er forholdet mellom de to noe mer anstrengt.

Foto:
Ola Røe
Foto:
Ola Røe
Foto:
Ola Røe
Foto:
Ola Røe
Foto:
Ola Røe
Foto:
Ola Røe
Foto:
Ola Røe
Foto:
Ola Røe
Foto:
Ola Røe
Foto:
Ola Røe
Foto:
Ola Røe
Foto:
Ola Røe
Foto:
Ola Røe
Foto:
Ola Røe
Foto:
Ola Røe
Foto:
Ola Røe
Foto:
Ola Røe
Foto:
Ola Røe
Bakgrunnsstoff

Turnérute

Hærmennene skal ut på turné i både Troms og Finnmark. Her finner du turnéruten, samt kontaktinformasjon til arrangørene.

Hærmennene på Helgeland
18.februar - Finnsnes (Tlf. 77 87 11 50)
19.februar - Harstad (http://www.harstadkulturhus.no/)
20.februar - Sjøvegan (Tlf. 77 17 21 10/11)
21.februar - Sørreisa (Tlf. 77 87 50 25)
22.februar - Heggelia (Tlf. 77 89 71 25 eller http://www.billettluka.no/)
24.februar - Kirkenes (Tlf. 78 97 17 90)
25.februar - Vadsø (Tlf. 78 94 23 00)
26.februar - Båtsfjord (Tlf. 78 98 53 64)
27.februar - Tana (Tlf. 79 92 53 00)
28.februar - Karasjok (Tlf. 78 46 80 00)
02.mars - Lakselv (Tlf. 976 66 181)
03.mars - Honningsvåg (Tlf. 78 47 65 00)
04.mars - Alta (http://www.billettluka.no/)
05.mars - Hammerfest (Tlf. 78 42 27 00)
06.mars - Nordreisa (Tlf. 77 77 05 55)
07.mars - Skjervøy (Tlf. 77 77 56 00)

Smakebiter fra media

Hærmennene i Bukta
For å få føling med naturen ble skuespillerne i Hærmennene sendt ut i blåsten i Telegrafbukta.
 
Ibsen om finanskrisa
Bladet Tromsø var til stede på pressevisning av Hærmennene på Helgeland 5. januar
 
Hett med Ibsens hærmenn på HT
Lena Kristin Ellingsen forteller Nordlys om hvordan det er å spille maktsyk kvinne i Ibsens Hærmennene på Helgeland.
 
Fra bortskjemt til aggressiv
NRK Troms og Finnmark har møtt Lena Kristin Ellingsen som spiller Hjørdig i Hærmennene på Helgeland.

Lærerhefte

Skal du ta med klassen din på Hærmenene på Helgeland? Her kan du laste ned et lærerhefte som vil være et godt hjelpemiddel til både for- og etterarbeid.

Anmeldelser

Hærmennene på Helgeland hadde premiere 8. januar. Her kan du lese anmeldelsene.

Vikingdrama
Hør anmeldelsen til NRKs Erling Steenstrup på nettradio.
Neders på denne siden finner du samme anmeldelse som tekst.

Et satans kvinnfolk
Nordlys' Hege Hanssen mener det er kvinnene som styrer skuta i Hærmennene på Helgeland
 
Hærmenn ut av si tid
Her kan du lese deler av Helge Matlands anmeldelse i Bladet Tromsø
 
Fin første forestilling med ny teatersjef
Tromsoby.no mener skuespillerne leverte troverdige og kraftfulle tolkninger
 
Strålende som ultrabitch
Lena Kristin Ellingsen får storskryt for sin nye rolle, skriver NRK Nordland

Det nordlege i Ibsens litteratur

Kva visste Henrik Ibsen om Nord-Noreg? Var han i Nord-Noreg? Var han i Tromsø? Og spelte Nord-Noreg og nordlege motiv noka viktig rolle i stykka hans?

Dei fyrste spørsmåla skal eg prøve å svare på. Til det siste skal eg trekkje fram nokre eksempel, men utan alt for seriøse ambisjonar om å gi eit klart svar. Aller fyrst vil eg likevel gjerne seie litt om scenehistoria til stykket som er på plakaten i kveld, Hærmændene paa Helgeland.

Det tilhøyrer den tidlege, norske perioden, der han hovudsakleg skreiv drama med emne frå norsk historie eller med førelegg i norrøn litteratur. Hærmændene blei fyrst trykt i Illustreret Nyhedsblad i 1858. Ibsen fekk løfte om at det skulle kome opp på Christiania Theater, men så trekte teateret seg på grunn av svak økonomi. Ibsen blei rasande og innleidde ein lang avispolemikk. Det endte med at han sjølv sette opp stykket på Kristiania Norske Theaher, der han nyleg var blitt artistisk direktør.

Då Ibsen skreiv Hærmændene, hadde han ikkje vore lenger nord enn Trondheim. I 1863 søkte han det akademiske kollegiet om stipend for "at foretage en rejse i de trondhjemske Fjord- og Sødistrikter samt om mulig i det nordlandske, i det øjemed at fortsætte den af mig i forrige Aar [...] paabegyndte Indsamling af Sagn og Folkeviser." Han fekk stipend, men reiste ikkje, og synest heller ikkje å ha betalt det tilbake.

At Ibsen ikkje hadde fyrstehands kjennskap til Nord-Noreg, finn vi ein indikasjon på i Rosmersholm (1886) der Rebekka West seier: "Der faldt en sindshvile over mig, - en stilhed, som på et fugleberg under midnatssolen oppe hos os". Eg har sjekka med ornitologar, for sikkerheits skuld. Det skal vere eit svakt fall i støynivået på nattetid, men knapt merkbart utan måleinstrument. Men Rebekka West skal altså vere frå Finnmark og mora heitte Gamvik.

Svigerfamilie i nord

Gjennom Susanna hadde Ibsen likevel fleire tilknytingspunkt til landsdelen.
Susannas yngre syster Sofie blei i 1868 gift med presten Peder Megrund. Han var fyrst prest i Loppa, frå 1876 sokneprest i Tromsøysund og frå 1879 prost i Tromsø prosti. Dei blei buande i Tromsø til 1893. I 1884 vitja Susanna dei på tur til Nordkapp saman med Sigurd. Ho var overvelda av inntrykka, men klaga over at systera "var som alle norpaa nervøs og anstrengt, alle Nerver bliver her anspændte ved Naturforholdene; [...] det gjorde mig saa ondt hun var ligesom bleven bare Sjæl".[1] Om bord på skipet til Nordkapp var skodespelaren og regissøren Ludwig Gabillon frå Burgtheater i Wien, som hadde spelt i Hærmændene på Helgeland. Då dei segla oppover langs Helgelandskysten, skreiv Susanna, hadde han sagt til henne at "nu først forstod han det ret".[2]

Halvsyster til Susanna, Dorothea Falsen, budde også nordpå ein periode. Ho var dotter til Susannas stemor, forfattarinna Magdalene Thoresen, og gift med offiseren Conrad Falsen. I 1880 blei Falsen garnisonsløytnant ved Vardøhus festning. På Vardø grunnla han Vardø-Posten, og han deltok i kommunalt arbeid. I 1886 blei han norsk-svensk generalkonsul i Arkhangelsk.  

Magdalene Thoresen reiste nordover i 1881, etter på kort tid å ha mista båe sønene sine av tuberkulose. Ho var på Vardø vinteren over, og gjorde ein ny tur til Nord-Noreg i 1885. Desse opphalda blei utgangspunktet for hennar fremste og mest kjente verk, Billeder fra Midnatsolens Land, utgitt i to delar 1884 og 1886.

Dei nordnorske innslaga vi finn hjå Ibsen er altså ikkje tufta på direkte personlege erfaringar med og opphald i landsdelen, slik det er hjå Magdalene Thoresen. Hjå Ibsen har nordnorske figurar nokså stereotypiske, må vi vel seie, på grensa til klisjéaktige funksjonar. Rebekka West i Rosmersholm er ei typisk femme fatal, styrt av lidenskap og drifter, og altså frå Finnmark. Ho har manipulert Beate Rosmer til å ta livet sitt for å kunne ta hennar plass ved sida av Johannes Rosmer. Sjølv er ho også eit offer - for eit incestuøst forhold som fyrst i løpet av stykkets handlingstid blir avslørt for henne. Ein svært komplisert handlingsvev endar med at Rosmer og Rebekka spring saman ut i den store Møllefossen.

Kritikk av Ibsen-karakterane

Det var vanleg på denne tida å kritisere Ibsen for provinsialisme. For konservative kritikarar innebar det mellom anna mangel på stil, harmoni, balanse og orden, og det blei kopla saman med at Ibsen kom frå ein europeisk utkant og med den sosiale statusen og provinskarakteren til personane hans. [3]  Sigmund Freud ytte eit vesentleg bidrag til å universalisere Ibsen-karakterane då han i 1916 gjorde Rebekka West til gjenstand for ein berømt studie, og der det geografiske opphavet hennar blei heilt irrelevant:

"Den praktiserende psykoanalytiske lege", skriv Freud, "vet hvor ofte det hender, ja nesten bestandig, at en ung kvinne som tar plass i en familie som tjenestepike, selskapsdame eller guvernante, bevisst eller ubevisst spinner en dagdrøm med utgangspunkt i Ødipus-komplekset, om at husfruen forsvinner og herren i huset tar nykommeren til sin hustru i hennes sted. Blant de kunstverk som omhandler disse ofte forekommende fantasiene hos unge piker, er Rosmersholm det største."[4]

I Ibsens neste stykket, Fruen fra havet (1888), er det også ein rollefigur frå Finnmark. Han er kven, og er bare omtalt som "En fremmed mand".

Denne framande gir med ein gong eit både gåtefullt og uhyggeleg og fråstøytande inntrykk. Han skal ein gong ha slått i hel eit menneske. Men den uhygge han vekkjer har mindre med han sjølv enn med noko utanfor han sjølv å gjere. Han er ikkje vond, og ein får inntrykk av at det var gode grunnar til at han ein gong drap ein mann. Ellida Wangel er tiltrekt av han, men han er like mykje som henne beherska av det som er mellom dei. Han er likevel som ei slags naturkraft, og denne blir fyrst broten då Ellida av ektemannen blir stilt fritt til å velje - han eller den framande.

Kvinner med fellestrekk

Vi kan vel konstatere at det er ein slektskap mellom Rebekka West og Ellida Wangel og Hjørdis i Hærmændene på Helgeland. Dei er alle skada og lidenskapelege, styrte av noko som liknar naturinstinkt. Dei er til dels manipulerande og destruktive - overfor seg sjølve eller omgjevnadene eller båe delar. Den ville lidenskapen fører dei i døden, med unntak av Ellida Wangel. I Fruen fra havet synest det å ende godt, men i det Ellida seier nei til Den fremmede og vel det trygge familielivet, synest ho også å seie farvel til alt stort og fritt. Ho vel den innestengde karpedammen framfor den frie og friske fjorden.

I 1891 gjorde Ibsen sjølv den reisa til Nordkapp som Susanna og Sigurd hadde gjort i 1884. Ibsen gjekk frå Trondheim med dampskipet "Nordland" 25. juli og var tilbake i Trondheim att 5. august. "Nordland" var i Tromsø 29. juli på nordtur. Avgang frå Tromsø sørover var sannsynlegvis 2. august. Den dagen, som var ein sundag, skreiv Tromsø Stiftstidende at diktaren "returnerede i dag Morges". Sannsynlegvis var han ikkje i land i byen. Ibsen var på denne tida superkjendis og kunne neppe ha kome seg i land utan å vekkje oppsikt.

Ibsen, Hamsun og Laura Kieler

Etter turen blei Ibsen verande i Kristiania for godt, det hadde han ikkje planlagt då han reiste nordover frå München. Denne hausten, 1891, møtte han to nordlendingar, og båe møte må ha gjort inntrykk på han.

Besøket ved Nordkapp var omtalt i avisene. Finmarksposten i Hammerfest skreiv 31. juli at "Inat var [Ibsen] ved Nordkap, hvor der var ganske bra Veir, men desværre ingen Midnatsol. Ibsen er dog fremdeles tilfreds med Turen." Den nye diktarstjerna frå Nordland, Knut Hamsun, las sjølvsagt dette i verste meining. I eit brev skreiv han:  "Det lille Væsen er kommet til Kr[istiania] igen. Ifølge Bureautelegrammerne har han 'erklæret sig tilfreds med Nordkap! Tænk Dem et lidet Væsen, som nikker med sit Hoved og tager en dybsindig Mine paa og 'erklærer sig tilfreds med' - Oriontaagen. Maa jeg have Lov at falde besvimt om af Latter!"

Denne hausten turnerte Hamsun med litterære føredrag der han sabla ned den etablerte diktargenerasjonen. 7. oktober troppa likevel Ibsen opp då Hamsun kom til Kristiania og sette seg på fyrste benk. Der høyrde han Hamsun seie at Ibsen aldri hadde laga noko anna enn "den stejleste og enkleste karakterpsykologi". Hamsun viste til ei høgreavis som hadde omtalt noko Ibsen ei gong hadde skrive om at det einaste han bad om var "Forstaaelse". Høgreavisa hadde då kommentert at Ibsen vel måtte ha språket såpass i si makt at han måtte kunne seie det han ville likefram og klart, slik at han ikkje trong å takke for at nokon forstod han; "Og det", sa Hamsun, "var baade fiffigt og rigtigt skrevet af det Højreblad, men især var det fiffigt". Ibsen kom ikkje tilbake for å høyre resten av føredraga, og eit par månader seinare svarte han på ein liknande invitasjon at "Jeg har [...] foresat mig ikke herefter at påhøre foredrag over mine arbejder".[5]

Det andre møtet denne hausten var heilt annleis. På den tida Ibsen passerte Tromsø, hadde avisene ei lita annonse som Ibsen heilt sikkert ikkje la merke til, sjølv om han hadde sett lokalaviser og sjølv om han elles var ein ivrig annonselesar. I annonsen heitte det: "Landstedet 'Laurdal' sælges billigt ved Nicolay Berg".[6] I januar 1849 fekk futen i Senja og Tromsø Morten Smith Petersen og kona Anna Kjerulf Müller ei dotter som dei døypte Laura Anna Sophie. Dei fyrste fem år av livet sitt budde Laura i Tromsø, før faren fekk embete i Trøndelag. I Tromsø var det mange som skaffa seg ein liten jordlapp, eit "stykke", til å drive litt jordbruk på. Smith Petersen fekk i 1848 skøyte på eit slikt stykke, og då dottera blei fødd, kalla han det Laurdal.[7] Laura blei seinare gift Kieler, og blei Ibsens mest berømte modell. Ho gjorde ein gong eit mislykka forsøk på vekselfalsk, av grunnar som liknar på dei Nora hadde for å forfalske ein veksel i Et dukkehjem.
 
Samanblandinga av Kielers historie og Noras historie skaffa Laura Kieler mange sorger, og til slutt bad ho Ibsen dementere at det var ho som var modell for Nora. Ikkje lenge etter at Ibsen kom tilbake til Kristiania, blei han oppsøkt av Laura Kieler som for fyrste gong fortalte han heile ekteskapshistoria si. I Ibsens siste stykke, Naar vi døde vaagner, møter på liknande måte professor Rubek igjen ei dame "med en liden smule nordlandsk tonefald" som ein gong hadde vore modell for gjennombrotsverket hans. Men eg skal stoppe der. Denne historia får vi rikeleg høve til å bli kjent med seinare i vår når HT set opp eit eige stykke om Ibsen og Laura Kieler.

(Dette er ei forkorta utgåve av innleiinga professor Narve Fulsås heldt under raudvinsseminaret om Ibsen og Nord-Noreg på Hålogaland Teater 29. januar 2009.)





[1] Brev frå Susanna til Henrik Ibsen 25/7 1884; NBO Brevs. 200.

[2] Brev frå Susanna til Henrik Ibsen 25/[7 1884]; NBO Brevs. 200.

[3] Rem 2004.

[4] Sitert etter Meyer 1971, 571.

[5] Brev til Ragna Nielsen 11. januar 1892.

[6] Tromsø Stiftstidende 26/7 1891.

[7] Ytreberg 1946-71, b. 2, 4.