Forfattarforelesinga med Ragnar Hovland

I Teaterkafeen laurdag 11. september.

Laurdag 11. september er det klart for haustens første forfattarforelesing på Hålogaland Teater. Ragnar Hovland kjem for å halde forelesinga Dr. Hovlands testamente (Farvel til fiksjonen og velkomen tilbake).

Ragnar Hovland har to gong mottatt Kritikerprisen, og har vore festspeldiktar både ved Dei Nynorske Festspela og De Litterære Festspill i Bergen.

Han debuterte som forfattar i 1979 med romanen Alltid fleire dagar, etterfølgd av barneboka Det får stå til (1980). Hovlandforelesinga heldt han første gong i juni 2009, i anledning trettiårsjubileet som forfatter, og her tar han eit sviande oppgjer med eiga lesing.

Hålogaland Teater 11. september kl. 14.00. Gratis inngang.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum Nord-Norge og Hålogaland Teater.

Varighet
0 minutter
Spilleplan
Dato/Tid Scene
Teaterkafeen