Skjemt & alvor med Jon Eikemo

Skjemt & alvor er ei festforestilling der Jon Eikemo har plukka fram sine aller beste monologar, revynummer og songtekstar.

Tragedie eller komedie, barneteater eller modernistisk scenekunst, verdsklassikarar eller norsk folkekomedie - Jon Eikemo er ein av desse som har gjort teater til ei sak for folk flest.

Fordi inga oppgåve har vore for stor eller for liten, har Eikemo lukkast i å få ut si kvalitetskunst til eit breitt publikum over heile landet. Han viser at det er mogleg å bruke sitt eige språk på scena.

Eikemo har vore tilsett ved seks av dei fremste teaterscenene i landet; sidan 1978 ved Det Norske Teatret. I tillegg til mange roller på teaterscenene har han hatt eit utal sentrale roller i film, fjernsyn og på revyscener. I 1979 fekk han Spelemannsprisen for Jon Eikemo les Jakob Sande. Orda har stor plass i Jon Eikemo si formidling.

Å formidle ordkunst slik Eikemo har gjort i snart femti år, Jon Eikemo utgjer eit uunnverleg bindeledd mellom generasjonar og miljø av scenekunstnarar, regissørar og teaterinstruktørar i norsk teater- og filmhistorie. Han har òg vore ein av brubyggjarane mellom institusjonsteater og den frittståande scenekunsten.

Varighet
0 minutter
Spilleplan
Dato/Tid Scene
Teaterkafeen
Produksjon
Av Jon Eikemo