Fanfaronnenes Superfamilieshow

Neste forestilling
Kommer
Vi ynskjer både store og små hjarteleg velkomne til ei energisk,morsom og inspirerande framsyning med variert operarepertoar og nye, norske tekstar. Showet er sjølvsagt ikkje komplett utan lausbarter, trylletriks og guttelus!

«Operabarnetimen» er ei familieframsyning for born og vaksne fra ca. 3 år og oppover. Gjennom song, spel, tull og tøys tek dei tre fanfaronene deg med til eit operahus der du får møte ein misnøgd operasongar fra polen, ei bortskjemd og blærete sopran- prinsesse, eit par bøllete hekser og ein pianist som slett ikkje er det ho gjev seg ut for å vere... Operabarnetimen har som mål å frelse det yngste publikummet til klassisk musikk generelt og opera spesielt.

 

Ensemble Fanfaronner :

Charlotte Lund Sager (sopran), Ingvild Storhaug (alt) og Marita Vårdal Igelkjøn (piano). Fanfaronner er fransk for «med nasen i sky», og ein fanfarone er ein skrytepave. Dei tre fanfaronene starta ensemblet i 2005, og framfører klassisk musikk, opera, kabaret og samtidsmusikk. Trioen har stor konsertverksemd i heile Noreg med framsyningar for både born og vaksne.

 

Sjå også: http://ensemblefanfaronner.com/

Foto:
Marte Bjerke
Foto:
Marte Bjerke